Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 23.11.2022

Kraftsituasjonen veke 46, 2022

Auke i både forbruk og produksjon, og høg nettoeksport

Temperaturane sank førre veke og forbruket auka markant i heile landet. Produksjonen gjekk også opp, spesielt i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4). Mykje tilsig til vassmagasina dei seinaste vekene bidrog til auken i produksjon. At forbruk og produksjon går opp, er vanleg på denne tida av året. Den høge produksjonen førte til mykje eksport av kraft ut frå Noreg. For landet samla var eksporten på 705 GWh, noko som er høgaste nettoeksport for denne veka gjennom dei siste ti åra. Noreg eksporterte frå heile landet, men det var flest timar med eksport på overføringsforbindingane frå Midt- og Nord-Noreg. I Nord-Sverige gav islegging av elver lågare produksjon frå elvekraftverk, noko som bidrog til den høge eksporten frå Midt- og Nord-Noreg.

Dei seinaste vekene har magasinfyllinga auka kraftig, særleg i sørlege Noreg. I førre veke sank fyllingsgraden noko i alle prisområda. I sørlege Noreg sank fyllingsgraden med 1,1 prosenteiningar, men fyllinga ligg framleis nær medianverdien.

Etter dei låge kraftprisane i veke 45, auka prisane i alle prisområda i Noreg førre veke. Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) hadde den største auken og vekeprisen enda på om lag 90 øre/kWh, medan Midt- og Nord-Noreg hadde ein vekepris på høvesvis 41 og 20 øre/kWh. Trass auken i pris, hadde alle prisområda i Noreg lågare prisar enn resten av Norden og kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 2022 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 46 2022 her.

Kontaktperson

Ingrid Bjørshol Holm
Epost: ibho@nve.no