Publisert 05.12.2018 , sist oppdatert 06.12.2018

Kraftsituasjonen veke 48 2018

Reduksjon i nettoeksport frå Noreg.

Det var mildare vêr i Noreg førre veke samanlikna med veka før, medan forbruket heldt seg stabilt. Det var ei kraftig auke i svensk vindkraftproduksjon, noko som bidrog til lågare vasskraftproduksjon i Noreg. Også i Danmark auka produksjonen, hovudsakleg frå termiske varmekraftverk.

Auka i produksjon i resten av Skandinavia bidrog til at nettoeksporten ut frå Noreg vart redusert med over 200 GWh førre veke, samanlikna med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 her. (PDF)

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm,
Tlf: 980 26 689