Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 15.12.2021 , sist oppdatert 22.12.2021

Kraftsituasjonen veke 49, 2021

Lågare kraftpris i nord

Vekeprisen nord i Noreg (NO3 og NO4) og Sverige (SE1 og SE2) fall med nær 50 prosent frå veka før. Vekeprisen nord i Noreg var i snitt på 71 øre/kWh. Høgare vindkraftproduksjon og fallande forbruk gjennom veka bidrog til fallet i kraftpris. Fleire timar med flaskehals i kraftnettet gjennom Sverige bidrog til at prisskilnaden mellom nord og sør auka. Kraftprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) fall med om lag 6 prosent og var i snitt 150 øre/kWh i veke 49.

Kraftprisane i resten av Nord-Europa auka førre veke blant anna grunna aukane CO2- og brenselsprisar og lågare vindkraftproduksjon enn veka før. Finland var blant landa med høgast vekepris. Kraftprisen her var på om lag 3 kr/kWh, ein auke på 50 prosent får veka før. Enkelte timar med kraftpris over 10 kr/kWh i starten av veka bidrog til den høge vekeprisen i Finland.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 49 2021 (PDF)

Vassmagasinstatistikk

Framleis nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 48 var fyllingsgrada i norske magasin 62,2 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 3,3 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 75,8 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 75,8 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 55,3 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Endringar i utrekning av energiinnhaldet i snø, nedbør og tilsig

Frå og med 15. desember tek NVE i bruk eit nytt og betre datagrunnlag for å rekne ut energiinnhaldet i snø, nedbør og tilsig. Les meir om dette her.

Kontaktperson

Rådgjevar Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no