Publisert 22.12.2021 , sist oppdatert 30.12.2021

Kraftsituasjonen veke 50, 2021

Høgare temperaturar og lågare kraftetterspurnad i Norden

Mildvêr bidrog til at kraftforbruket i Noreg og Norden gjekk ned med 12 prosent frå veke 49 til veke 50. Samstundes gjekk vindkraftproduksjonen opp i alle dei nordiske landa. Til saman medverka dette til at norsk vasskraftproduksjon gjekk ned med 17 prosent, og til at norsk nettoeksport fall samanlikna med veka før.

Den gjennomsnittlege vekeprisen i dei sørlegaste prisområda i Noreg (NO1, NO2 og NO5) vart 160 øre/kWh i veke 50. Høgare kull- og gassprisar bidrog til ein ytterlegare oppgang i det europeiske prisnivået sist veke, og dette var med på å trekke opp prisane sør i Noreg. I Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) falt kraftprisane samanlikna med veka før og vart i snitt 27,5 øre/kWh i veke 50.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 2021 (PDF)

Merknad: Kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 blir publisert onsdag 5. januar 2022.

Vassmagasinstatistikk
Mindre nedtapping av magasinene. Ved utgangen av veke 50 var fyllingsgraden i norske magasiner på 60,7 prosent. Fyllingsgraden gjekk ned med 1,2 prosentpoeng frå veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarende tidspunkt for årene 2001–2020 er 73,5 prosent. Nord-Noreg (Elspotområde 4) hadde høgaste magasinfylling med 74,8 prosent. Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde lågaste magasinfylling på 53,7 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Seniorrådgiver Henriette Birkelund

Epost: henb@nve.no