Publisert 03.01.2018 , sist oppdatert 04.01.2018

Kraftsituasjonen veke 51 og 52 2017

Julefeiring bidrog til lågare forbruk og lågare prisar.

Trass i kaldare vêr i dei nordlegaste elspotområda, bidrog julefeiringa til at totalforbruket i Norden gjekk ned i romjulsveka. Vindkraftproduksjonen i Norden hald seg på eit høgt nivå i veke 52. Dette bidrog til lågare prisar i alle dei nordiske elspotområda.

Produksjonen frå norske vasskraftverk gjekk ned i førre veke grunna tilgang på billig import frå Sverige og Danmark. Dette medverka til at Noreg hadde nettoimport av kraft for fyrste gong sidan april.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 her. (PDF)

Rapporten er oppdatert på grunn av ein feil i figur 7.

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skaare Amundsen,
Tlf: 476 43 457