Publisert 17.02.2021

Kraftsituasjonen veke 6, 2021

Nytt rekordhøgt straumforbruk

Det kalde vêret heldt fram førre veke og bidrog til at det mellom kl. 9 og 10 fredag morgon vart satt enno ein ny forbruksrekord. I den timen var straumforbruket i Noreg på 25 230 MWh. Det totale forbruket førre veke var på 3788 GWh, noko som er det nest høgaste forbruket over ei veke nokon gong.

Den gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg var på 60 øre/kWh førre veke. Mellom kl. 8 og 9 fredag morgon var prisen i Aust-Noreg (NO1) og på Vestlandet (NO5) på 2,4 kr/kWh. Dette er den høgaste timeprisen som er målt i NO5 sidan prisområdet vart oppretta i 2010.

Prisen på CO2-kvotar steig til over 400 kr/tonn førre veke. Den kalde vêrtypen over store delar av Europa dei siste vekene har ført til meir bruk av fossil brensle og følgeleg også bidrege til ei auke i kvoteprisen.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6, 2021 her

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm

Epost: ibho@nve.no