Publisert 08.03.2023

Kraftsituasjonen veke 9, 2023

Auke i produksjonen og høg eksport av kraft

Mildt vêr førte til lågare forbruk i heile Norden førre veke. Samstundes var  vindkraftproduksjonen i Danmark og Tyskland låg frå måndag til fredag, noko som bidrog til ein auke i kraftprisane på kontinentet. I Noreg gjekk produksjonen opp, noko som gav ein auke i eksporten av kraft. Noreg  var nettoeksportør av kraft gjennom heile veka, og i fleirtalet av timane vart overføringsforbindingane til utlandet utnytta maksimalt. Noreg eksporterte 481 GWh totalt over veka, ein auke på 46 prosent frå veka før.

Auka i kraftprisane på kontinentet påverka også prisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), som hadde ein vekepris på 123 øre/kWh. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) gjekk prisane ned, og vekeprisen var på høvesvis 34 øre/kWh og 26 øre/kWh.

Den gjennomsnittlege fyllingsgraden i norske vassmagasin ligg enno på medianen og var på 44,3 prosent førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 9 2023 her.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 9 2023 her.

Kontakt

Senioringeniør Ingrid Holm

Ingrid Holm