Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 25.01.2022 , sist oppdatert 26.01.2022

Vassmagasinstatistikk veke 3 2022

Framleis nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 3 var fyllingsgrada i norske magasin 50,2 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 62,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 64,9 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 42,8 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 3, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.