Publisert 02.06.2021 , sist oppdatert 05.03.2024

Forsking og utvikling

NVE forvaltar Noregs vass- og energiressursar. Vi er òg eit forskingsinstitutt. Vi forskar på emne innanfor alle dei områda vi er fagmyndigheit for, med hovudvekt på emne innanfor hydrologi. 

Forskingsabeidet bidreg til at vi løyser våre forvaltingsoppgåver betre og meir effektivt. Vi forskar på eige initiativ, gjennom eksternt finansierte prosjekt eller bestillar forsking utført av andre organisasjonar. Fleire av våre forskarar har professorkompetanse. Vi samarbeider med ei rekkje utdannings- og forskingsinstitusjonar, både nasjonalt og internasjonalt.

Du kan kontakte oss ved å sende ein e-post til nve@nve.no
Merk e-posten med 'FoU' i emnefeltet.