Smarte straummålarar i 97 prosent av norske målepunkt
Då fristen for installasjon av nye smarte straummålarar (AMS) gjekk ut 1. januar 2019 hadde om lag 2,9 millionar målepunkt i straumnettet fått installert ny målar. Dette inneber at 97 prosent av målarparken no har målarar som automatisk sender data om kunden sitt forbruk til nettselskap og kraftleverandør som grunnlag for faktureringa.
- Det all grunn til å vera nøgd med ein gjennomføringsgrad på 97 prosent. Grunna innvilga dispensasjonar og fritak var det ikkje venta at absolutt alle målepunkt ville få ny målar innan fristen, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.
Hovudårsaka til manglande installasjon skuldast innvilga utsetjingar og forseinkingar i nettselskap. Samla utgjer dette 2 prosent. Vidare har 0,2 prosent fått fritak med legeattest, medan 0,8 prosent skuldast kundar som har motsett seg å skifte målar utan gyldig grunn.
For at nettselskapa skal få rimeleg god tid vil NVE gje nettselskapa frist til 1. januar 2021 for installasjon av smarte målarar i dei resterande målepunkta. Dette er same fristen som vart gjeve til nettselskap som hadde installert nye målarar med tovegs kommunikasjon før forskriftsvedtaket i 2011. NVE vil i tida framover følgje opp at nettselskapa held fram med å skifte ut gamle målarar.
At nettselskapa har fått ein forlengd frist betyr ikkje at ein kunde kan krevje at installasjonen av ny målar skal forskuvast i tid.
Dei siste oppgjevne tala viser at totalkostnaden for AMS-installasjonen vil vere i storleiksorden 9 milliardar kroner. Dette er om lag 10 %, eller 1 milliardar kroner, lågare enn nettselskapa rekna med i startfasen av installasjonen i 2016.