Publisert 01.12.2022 , sist oppdatert 01.12.2023

Breane fortset å smelte tilbake i 2022

NVE sine bremålingar i 2022 viser at 33 av 34 målte brefrontar har trekt seg tilbake.

Langfjordjøkelen 29. september 2022. Brefronten har smelta tilbake 61 meter i år og 307 meter dei siste 10 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.

Den størst tilbakegang i år hadde Storjuvbrean i Jotunheimen (-94 meter), Tuftebreen på austsida av Jostedalsbreen (-65 meter) og Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark (-61 meter). Dei 34 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 25 meter.

I Sør-Norge var det i vinter store forskjellar i snømengde på breane. På Vestlandet fekk mange brear meir snø enn normalt, medan breane lengre aust fekk relativt lite snø. Bresmeltinga gjennom sommaren var litt under det normale på breane i Sør-Noreg, Resultatet for 2022 vart underskot for mange brear, men i områder som fekk mykje snø vart underskotet mindre enn normalt. Nokre brear har også vore i balanse eller har hatt eit overskot.

I Nord-Noreg fekk breane stort sett meir snø enn normalt. Men bresmeltinga gjennom sommaren var over det normale slik at resultatet for 2022 vart underskot for dei fleste breane. I områder som fekk mykje snø har nokre brear likevel vore i balanse.

– Alle breane vi følgjer med på har smelta tilbake dei siste 20 åra, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy. Brefrontane trekk seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ.

Negativ massebalanse i lengre tid
Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Dei siste 20 åra har 27 brear med samanhengande målingar gått tilbake 409 meter i gjennomsnitt. – Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarar Hallgeir Elvehøy. Breane i Noreg har den same utviklinga som dei aller fleste breane i resten av verden.

Sogn og fjordane
Haugabreen i Sunnfjord er ein sørleg utløpar frå Myklebustbreen. Brefronten har smelta tilbake 35 meter i år og 124 meter sidan målingane starta i 2013. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Haugabreen i Sunnfjord er ein sørleg utløpar frå Myklebustbreen. Brefronten har smelta tilbake 35 meter i år og 124 meter sidan målingane starta i 2013. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Åtte målte brear har i gjennomsnitt smelta tilbake 29 meter. Størst tilbakegang hadde Tuftebreen i Jostedalen i Luster med 65 meter i år og 238 meter dei siste 10 åra. Fronten til Nigardsbreen smelta tilbake 23 meter i år, og har trekt seg tilbake 454 meter sidan 2012. I Hurrungane i Vest-Jotunheimen har Styggedalsbreen smelta tilbake 30 meter i år og 153 meter dei siste 10 åra.

Ålfotbreen i Bremanger fekk eit lite masseunderskot i år. Det kom litt mindre snø enn normalt i vinter, medan sommarsmeltinga også var litt mindre enn normalt. Massebalansemålingane på Nigardsbreen i Luster viste eit overskot i år. Det kom litt meir snø enn normalt i vinter, medan sommarsmeltinga var mindre enn normalt. Massebalansemålingane har vist at Ålfotbreen har vorte om lag 23 meter tynnare sidan år 2000, medan Nigardsbreen har minka med om lag 2 meter. Den store forskjellen mellom disse breane skuldast hovudsakleg at Nigardsbreen ligg mykje høgare over havet enn Ålfotbreen.

Hordaland
Buerbreen i Odda på austsida av Folgefonna har smelta tilbake 26 meter i år og 154 meter dei siste 10 åra. Foto: May Britt Buer/NVE.
Buerbreen i Odda på austsida av Folgefonna har smelta tilbake 26 meter i år og 154 meter dei siste 10 åra. Foto: May Britt Buer/NVE.
Åtte målte brefrontar har i gjennomsnitt smelta 14 meter tilbake i år. Størst tilbakegang hadde Bondhusbrea på vestsida av Folgefonna med 34 meter tilbake i år og 183 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Sju brear har trekt seg tilbake mellom 43 og 629 meter dei siste 10 åra. Massebalansemålingane på Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen viste at breen har vore om lag i balanse i år. Sidan år 2000 har breen hatt eit underskot som tilsvarar at heile breen har vorte 14 meter tynnare. Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 11 meter i år og 107 meter i løpet av dei siste 10 åra.

Innlandet
Fronten til Bøverbrean på Sognefjellet har smelta tilbake 35 meter i år og 164 meter i løpet av dei siste 10 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Fronten til Bøverbrean på Sognefjellet har smelta tilbake 35 meter i år og 164 meter i løpet av dei siste 10 åra. Foto: Hallgeir Elvehøy/NVE.
Ni målte brear har i gjennomsnitt smelta tilbake 27 meter i år. Størst tilbakegang hadde Storjuvbrean i Leirdalen i Lom med 94 meter i år og 265 meter siste 10 år. Den uvanleg store tilbakegangen i år skuldast at fronten har flytta seg opp på rein fjellterskel. Dei siste 10 åra har seks brear trekt seg tilbake mellom 73 og 265 meter.

Hellstugubreen i Jotunheimen har hatt masseunderskot i år. Sidan år 2000 har Hellstugubreen hatt eit underskot som tilsvarar at heile breen har vorte 21 meter tynnare. Hellstugubreen smelta tilbake 18 meter i år, og fronten har trekt seg tilbake 128 meter dei siste 10 åra.

Nordland

Austre Okstindbreen i Hemnes er ein nord-austleg utløpar frå Okstindbreen. Brefronten har smelta tilbake 35 meter i år og 320 meter dei siste 10 åra. Foto: Kjell-Harald Nesengmo/NVE.
Fire brear har i gjennomsnitt smelta tilbake 22 meter i år. Austre Okstindbreen i Hemnes hadde den største tilbakegangen med 35 meter. Dei siste 10 åra har brefronten trekt seg tilbake 320 meter. Massebalansemålingane på Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, viste at breen var om lag i balanse i år. Det kom meir snø enn normalt i vinter men smeltinga i sommar var også større enn normalt. Resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot som tilsvarar at heile breen har vorte om lag 7 meter tynnare. Fronten til Engabreen har trekt seg tilbake 28 meter det siste året, og 398 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra.

Troms og Finnmark

Sydbreen er ein austvendt dalbre på austsida av Jiehkkevarri i Lyngen. Brefronten har smelta tilbake 12 meter i år og 117 meter dei siste 10 åra. foto Halvard Berg/NVE.
Fire brear har i gjennomsnitt smelta tilbake 30 meter i år. Den største tilbakegangen hadde Langfjordjøkelen i Loppa med 61 meter i år og 307 meter i løpet av 10 år. Langfjordjøkelen i Loppa hadde eit stort masseunderskot i år. Sjølv om det kom meir snø enn normalt i vinter, var smeltinga i sommar var mykje større enn normalt. Sidan år 2000 har Langfjordjøkelen hatt eit masseunderskot tilsvarande 27 meter is jamt fordelt over heile breen.

Samarbeidspartnarar
Bremålingane vert gjort i samarbeid med Statkraft, Siso Energi, Sunnhordland Kraftlag, Sogn og Fjordane Energiverk, Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, Fjellsenteret i Lom, og lokale observatørar.

NVE er nasjonal faginstitusjon i hydrologi og overvakar alle former for vatn i Noreg. NVE har gjort massebalansemålingar sidan 1962, og har stått for frontmålingane sidan 1995.

 

Resultat av brefrontmålingar i 2022, og endring sidan 2012 (10 år).

Bre

Endring
2021-2022
(meter)

Kommentar 
         

Endring
2012-2022
 (meter)

Austerdalsbreen

-12

 

-457

Fåbergstølsbreen

-14

 

-150

Brenndalsbreen

-19

To år

-209

Haugabreen

-35

 

 

Nigardsbreen

-23

 

-454

Stigaholtbreen

-37

 

-166

Vetle Supphellebreen

IM

 

 

Styggedalsbreen

-30

 

-153

Tuftebreen

-65

 

-238

Bondhusbrea

-34

 

-183

Botnabrea

-14

 

-217

Buerbreen

-26

 

-154

Gråfjellsbrea

-4

 

-629

Svelgjabreen

-3

 

-43

Blomstølskardsbreen

-23

 

-116

Midtdalsbreen

0

 

-113

Rembesdalskåka

-11

 

-107

Bøverbrean

-35

 

-164

Hellstugubrean

-18

 

-128

Leirbrean

-31

 

-242

Storbrean

-18

 

-121

Storjuvbrean

-94

 

 -265

Styggebrean

-7

 

-105

Heimste Mårådalsbreen

-25

To år

-132

Koldedalsbreeen

-13

Fire år

-73

Mjølkedalsbreen

-3

 

 -165

Trollkyrkjebreen

-32

 

-121

Vinnufonna

IM

 

 

Austre Okstindbreen

-35

 

-320

Corneliussenbreen

IM

 

 

Engabreen

-28

 

-398

Trollbergdalsbreen

IM

 

 

Skjelåtindbreen

IM

   

Storsteinsfjellbreen

-18

To år

-107

Rundvassbreen

-8

To år

-251

Steindalsbreen

-39

 

-260

Sydbreen

-12

 

-117

Koppangsbreen

-7

 

-154

Langfjordjøkelen

-61

 

-307

 

Nokre resultat av massebalansemålingar i 2022 og
gjennomsnitt for perioda 2001-2020 (20 år).
m.v.e. står for meter vassekvivalentar.

Bre

Massebalanse
2022
 (m v.e.)

Massebalanse
2001-2020
(m v.e. pr. år)

Ålfotbreen

-0,50

-0,93

Nigardsbreen

0,75

-0,10

Rembesdalskåka

0,10

-0,56

Hellstugubreen

stort underskot

-0,85

Engabreen

0,15

-0,29

Langfjordjøkelen

-1,90

-1,12