Publisert 10.12.2015 , sist oppdatert 10.09.2024

Leveringsplikt

Nettselskapa er pålagd såkalla leveringsplikt for å sikre at kundane ikkje skal miste straumen ved flytting, når straumleverandøren ikkje lenger kan levere straum, (t. d. ved konkurs), eller når kunden ikkje betalar straumrekninga og straumleverandøren av den grunn avsluttar leveransen.

I slike situasjonar får kunden automatisk – som følgje av leveringsplikta – straum frå nettleverandøren i området der han bur.

Prisen for kundar på leveringsplikt er regulert. Prisen dei første seks vekene blir sett lik områdepris på Nord Pool Spot pluss 5 øre per kWh i påslag eksklusive avgifter. Etter dei første seks vekene skal prisen setjast lik områdepris pluss 8 øre per kWh i påslag eksklusive avgifter.

Nettselskapa er pålagt å informere kundane om korleis dei kan finne ein ny leverandør. Leveringsplikt er meint å vera ein førebels ordning og skal difor vere dyrare enn om den same kraften vert kjøpt frå ein straumleverandør.