420 kV leidning Blåfalli-Gismarvik

Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201705405, 202407338
Status
Konsesjon gitt
Dato
29.09.2023
Fylke
Rogaland, Vestland
Kommune
Tysvær, Vindafjord, Etne, Kvinnherad

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) godkjende den 13. november 2024 detaljplan frå Statnett for utviding av Blåfalli koblingsstasjon i Kvinnherad kommune.

Detaljplan for anlegget er ei teknisk beskriving av korleis dette skal byggjast. Om det er endringar i utbyggingsløysinga samanlikna med det som vart lagt til grunn i konsesjonssøknaden, skal dette beskrivast i detaljplan. Detaljplanen skal også konkretisera korleis Statnett skal byggja og driva anlegget, slik at miljø og landskap blir vareteke på best mogleg vis. Planane skal vera utarbeidde i kontakt med ramma kommunar, grunneigarar og andre rettshavarar.

NVEs saksbehandlar av detaljplanane er Marie Rushfeldt (maru@nve.no)

Statnett fekk 29. september 2023 løyve til byggjing av ein ny 420 kV kraftleidning frå Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune, ny Gismarvik transformatorstasjon og utviding av Blåfalli koplingsstasjon. 

Statnett har fått løyve til ein ny om lag 88,4 km lang 420 kV luftleidning frå Blåfalli i Kvinnherad kommune til nye Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune, via Etne og Vindafjord kommunar i følgjande trasé:

  • trasé 1.0A frå Blåfalli koplingsstasjon i Kvinnherad kommune til Litledalen i Etne kommune
  • trasé 1.0B2-1.0C2-1.0C frå Litledalen i Etne via Strypeheiane til næringsområdet på Nerheim i Vindafjord kommune
  • trasé 1.0D-1.52 frå Nerheim til Skjoldastraumen via Tørsdal i Vindafjord og Tysvær kommunar
  • trasé 1.0F2-1.0G-1.0G3-1.0H frå Skjoldastraumen via Dueland, Sauahøgda og Klovning til Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune

Dei har òg fått løyve til å byggje ein ny transformatorstasjon i Gismarvik og å utvide eksisterande Blåfalli koplingsstasjon.

Statnett får òg ekspropriasjonsløyve og allmannastevning for naudsynt grunn og bruksrettar for å byggje og drive leidningen og stasjonane. 

3D-modell av traseane kan sjåast her. Visualisering av trasé 1.2 i Litledalen, Etne, med trekantmast/tårnmast kan sjåast her.

OBS presisering frå Statnett per oktober 2020:

  • Statnett opplyser om at det som er omtala og kartfesta som trasé 1.0B og 1.2 i fagrapportane i konsekvensutgreiinga til søknaden, har bytta namn i sjølve søknaden med kart; i søknaden er altså trasé 1.0B frå konsekvensutgreiinga blitt til 1.2 og omvendt. I søknad er trasé 1.0B over fjellet ved Litledalen prioritert omsøkt alternativ, og 1.2 gjennom Litledalen sekundært omsøkt alternativ.
  • Trasé 1.6 over Kvalen i fagrapportane i konsekvensutgreiinga, er blitt til traséalternativ 1.6 over Freiåsen i søknad, då Kvalen ikkje er omsøkt.