For å kunne prioritere innsatsen på ein god måte, har vi utarbeida «Plan for flaumfarekartlegging 2021-2025» og «Plan for skredfarekartlegging 2011». Planane viser kva typer kartlegging NVE vil utføre og kva kartleggingsmetodar og kartverkty vi prioriterar å utvikle i planperioden.
Kommunar, utbyggjarar og konsulentar er brukarar av våre kartprodukt og rettleiarar. Dei viktigaste bruksområda er arealplanlegging, for å vurdere behovet for skadereduserande tiltak og i beredskapssituasjonar. Planen skal mellom anna bidra til at brukarane får kunnskap og avklaringar om kva NVE planleggjer å kartleggje, og kva kommunar og utbyggjarar må kartleggje i eigenregi. Ei slik forventningsavklaring er viktig for alle partar.
Eksterne utlysingar
NVE lys ut kartleggingsoppdrag til eksterne konsulentar. Dette krev at vi kan tilby naudsynte verkty slik at konsulentar kan kartlegge faresoner med god kunnskap og eit godt datagrunnlag. Ei slik innretning på arbeidet vil bidra til ei meir robust og effektiv kartlegging av landet.