Publisert 07.08.2020 , sist oppdatert 21.09.2022

Om skred

Her kan du lære om ulike typer skred. 

Vi delar grovt skred i tre kategoriar, basert på kva type masse dei inneheld:

Skred frå fjell/berg

Skred frå fjell/berg har underkategoriar basert storleik og korleis steinmassane bevegar seg nedover fjellsida (skreddynamikk).

Lausmasseskred

Lausmasseskred er vidare delt inn i jordskred og flaumskred, basert på mellom anna vassinnhaldet. Ein mindre type lausmasseskred er utglidning. Kvikkleireskred er ein eigen kategori, som løysast ut i ein spesiell type leire som er særleg ustabil. 

Snøskred

Snøskred delast gjerne inn i to hovudtypar: flakskred og laussnøskred. Begge typane kan igjen delast inn i underkategoriar basert på vassinnhaldet. Dersom snøen er heilt vassmetta kan det oppstå ein tredje type skred – sørpeskred.

Ordet skred er eit generelt omgrep..

"Eit skred er ei masserørlse der tyngdekrafta bidreg til at materiale som stein, lausmassea, snø eller is bevegar seg nedover ei skråning på land og/eller under vatn. Omgrepet ras brukast ofte synonymt med skred" (NIFS, 2015).