Publisert 29.03.2023

Kraftsituasjonen veke 12, 2023

Nettoimport og lågare kraftprisar

Kraftprisane i Nord-Europa fall ytterlegere i veka som gjekk. Vekeprisen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var om lag 94 øre/kWh. I Midt -og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var kraftprisen høvesvis 54 og 35 øre/kWh. Lågare forbruk og meir vindkraft på kontinentet var viktige årsaker til prisnedgangen.

Periodar med mykje vind- og solkraft i Tyskland siste halvdel av veka ga timar med særs låge prisar nord på kontinentet. Mot slutten av veka auka også vindkraftproduksjonen sør i Norden, og bidrog til at prisane i Sørvest- og Søraust-Noreg (NO2 og NO1) i nokre timar vart like låge som nord på kontinentet. Natt til laurdag var prisen heilt nede i 2 øre/kWh i Sørvest- og Søraust-Noreg. Flaskehalsar i nettet og god reguleringsevne i Vest-Noreg (NO5) gjorde at kraftprisen her ikkje vart like låg. Noreg var nettoimportør av kraft for fyste gong på ti veker førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 2023 her.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 12 2023 her.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no