Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 29.09.2021

Kraftsituasjonen veke 38, 2021

Reduksjon i kraftprisane

Kraftprisane var lågare i store delar av Europa i veke 38 samanlikna med veka før. Likevel var den gjennomsnittlege kraftprisen sør i Noreg (NO1, NO2, NO5) framleis over 1 kr/kWh. Auke i vindkraftproduksjonen i Norden og nord på kontinentet bidrog til prisnedgangen. Samtidig var vasskraftproduksjonen i Noreg lågare enn veka før. Nord-Noreg (NO4) hadde framleis den lågaste kraftprisen i Norden, på 51 øre/kWh i gjennomsnitt førre veke.  

På torsdag var det mykje vind og svært låge kraftprisar i mellom anna Tyskland. Grunna vedlikehaldsarbeid på mellomlandsforbindinga mellom Noreg og Tyskland (NordLink), var det ingen tilgjengeleg kapasitet til å importere billig kraft frå Tyskland i desse timane. Trass import på forbindingane til Nederland og Danmark hadde sørlege Noreg høgare gjennomsnittleg kraftpris enn fleire land nord på kontinentet på torsdagen.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 2021 (PDF).

Kontaktperson

Rådgiver Silje Jelsness

E-post: sitj@nve.no