Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 05.01.2022

Kraftsituasjonen veke 52, 2021

Nettoimport og lågare kraftprisar i sørlege Noreg

Siste veke av året hadde Noreg nettoimport av kraft for første gang sidan veke 14. For dei sørlege prisområda (NO1, NO2, NO5) bidrog import av rimelegare kraft til at vekeprisen vart redusert til 144 øre/kWh, ein nedgang på 44 prosent samanlikna med veka før.  Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) har framleis dei lågaste kraftprisane i Europa. Vekeprisen enda her på 50 øre/kWh i veke 52. 

Vekeprisen i dei sørlege prisområda var blant dei høgaste i Europa. Dette gav høg import på mellomlandsforbindelsane i veke 52. Dette har bakgrunn i at fleire norske vasskraftprodusentar verdset vatnet høgare enn det kraftprisane i Europa var. Fleire produsentar vel derfor å spara vatn og ein høgare del av forbruket i sørlege Noreg blir dekt av import. Førebels tall visar at produksjonen i dei sørlege prisområda vart redusert med omlag 940 GWh samanlikna med veke 51 og  at opp mot 30 prosent av forbruket vart dekt av import.

Mykje vind på kontinentet, i tillegg til lågare forbruk som følgje av juleferien, var mellom anna årsaka til lågare kraftprisar i Europa. Mot slutten av veka var det og ein relativ stor reduksjon i dei europeiske gassprisane.  Forventingar om ein mild vinter og auke i LNG-leveransar er nokon av faktorane som trakk gassprisen ned. Dette bidrog vidare til at både nordiske og tyske framtidskontraktar for kraft vart redusert høvesvis 23 og 26 prosent for første kvartal 2022.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 52 2021 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 52 var fyllingsgrada i norske magasin 56,0 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,6 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 68,5 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 70,1 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 49,6 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

 

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen

Epost: laee@nve.no