Publisert 23.02.2022 , sist oppdatert 24.02.2022

Kraftsituasjonen veke 7, 2022

Mykje vindkraft på kontinentet gav norsk nettoimport av kraft

Førre veke hadde Noreg nettoimport av kraft. Dette er første gong i 2022 at Noreg har meir import enn eksport gjennom ei veke. Det er sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) som importerer, medan Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) eksporterer.

Mykje vind bidrog til lågare kraftpris i fleire land sørlege Noreg har utveksling med. Til dømes fall vekeprisen i Tyskland med 30 prosent, og laurdag ettermiddag var det enkelte timar med negativ kraftpris. I sørlege Noreg verdset fleire vasskraftprodusentar vatnet høgare enn det kraftprisane på kontinentet var. Dei valde derfor å spare vatnet, for å heller ha moglegheita å produsera ved eit seinare tidspunkt. Dette bidrog til høgare import enn veka før for det sørlege Noreg.

Førebelse tal viser at sørlege Noreg importerte kraft tilsvarande 16 prosent av etterspurnaden gjennom veka. Dei siste tre vekene har denne andelen vore mellom 2-4 prosent. Meir import bidrog til at gjennomsnittleg vekepris vart redusert ti prosent, samanlikna med veka før, og enda på 108 øre/kWh. Framleis er kraftprisen i sørlege Noreg blant dei høgaste i Europa.

I motsetning til på kontinentet var det ein nedgang i vindkraftproduksjonen i Norden førre veke, og nedgangen var størst i de nordlege prisområda. Dette auka behovet for regulerbar vasskraft for å dekka kraftetterspurnaden i desse prisområda. Ein god ressurssituasjon bidreg til at Midt- og Nord-Noreg framleis har et lågt prisnivå. Vekeprisane enda på 14-15 øre/kWh, tilnærma uendra frå veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 2022 (PDF). 

Merknad: Under Hydrologiske data til kraftsituasjonsrapporten kan ein frå og med veke sju henta tilsig per prisområde. Tidlegare har det kun vore tal for eit samla Noreg.

Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 7 var fyllingsgrada i norske magasin 42,7 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 50,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,0 prosenteiningar, og nærma seg medianverdien med 0,6 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 57,2 prosent, mens Aust-Noreg (NO1) hadde lågast fylling med 30,3 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no