Publisert 22.01.2025

Tilsynsaktivitet i NVE

NVE har eit vidtrekkande ansvar for tilsyn innanfor vassdrags- og energilovgjevinga og anna energirelatert regelverk.

NVE er eit statleg kontrollorgan innanfor vassdrags- og energiforvaltninga på ulike områdar. Det må eksistere kontrollerbare krav i regelverk eller i vedtak for at tilsyn kan gjennomførast. NVE er oppteken av at avdekte avvik skal følgast opp med føremålstenlege reaksjonar og bruker ulike formelle reaksjonar ved alvorlege brot på dei krav som gjeld.

Tilsyn er ein viktig del av den totale reguleringa av vassdrags- og energisektoren, og utfyller dei andre verkemidla NVE har. NVE bruker både direkte regulering, gjennom spesifikke regelverkskrav, og insentivregulering gjennom mål og indirekte verkemiddel. Tilsyn har som føremål å kontrollere at krava som er sett blir etterlevd og at dei fungerer etter sitt føremål.

NVE har eit aktivt samarbeid med andre tilsynsorgan i Noreg og internasjonalt. NVE og Direktoratet for samfunnsberedskap (DSB) har etablert eit felles tilsynsforum for å oppnå ei meir koordinert tilsynsverksemd med nettselskap.

NVE deltek også i Nasjonalt miljøforum som består av representantar frå Økokrim, Riksadvokaten og ulike tilsynsorgan, og har fokus på bruk av reaksjonar ved brot på miljølovgjevinga.

Tilsynsrapporten blei inkludert i NVEs årsrapportar frå 2017. Du kan lese dei tidlegare tilsynsrapportane her:
Tilsynsrapport 2016
Tilsynsrapport 2015
Tilsynsrapport 2014
Tilsynsrapport 2013
Tilsynsrapport 2012
Tilsynsrapport 2011
Tilsynsrapport 2010