NVE kan gje kommunane råd og rettleiing om overvatn, tryggleik mot flaum, kvikkleireskred og skred i bratt terreng, energianlegg, verna vassdrag og allmenne interesser i vassdrag og grunnvatn i arealplanar. Nettsidene er laga for å rettleie deg som arbeider med plan til å ta tilstrekkeleg omsyn til NVEs saksområder i planlegginga. Dersom det ikkje er tatt tilstrekkeleg omsyn til nasjonale og vesentlege regionale interessar knytt til desse tema, kan NVE fremme motsegn til planen.
Informasjonen på NVEs arealplansider er organisert etter dei ulike plannivåa og bygge-/dispensasjonssak. Klikk på aktuell plantype/byggesak, så kjem du vidare til relevante NVE-tema og verktøy.