Kjølen vindkraftverk
- Tiltakshaver
- HAVGUL CLEAN ENERGY AS
- Sakstype(r)
- Vind
- Saksnummer
- 201001191
- Status
- Konsesjon avslått
- Dato
- 01.03.2013
- Fylke
- Østfold
- Kommune
- Halden, Aremark
- Søkt produksjon
- 442,00 GWh
- Søkt effekt
- 130,00 MW
NVE gir ikkje løyve til å bygge og drive Kjølen vindkraftverk i Aremark kommune i Østfold. Vedtaket er endeleg etter klagehandsaming i Olje- og energidepartementet.
Etter NVEs vurdering kan Kjølen vindkraftverk vere muleg å realisere i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden. Når tiltakets miljøverknader i vidaste meining vert teke med i rekninga vil likevel ulempene etter NVEs vurdering vege tyngst samanlikna med fordelane for samfunnet. I denne saka har NVE vektlagt tiltakets verknader for det samanhengande naturområdet Ankerfjella, Vestfjella, Trømborgfjella og Rødnesfjella. NVE har også teke omsyn til verknader for naturmangfald, og at ei realisering av tiltaket ville ha ført med seg ein vesentleg reduksjon av Østfolds attverande inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON). NVE konstaterer at det omsøkte vindkraftprosjektet ikkje har kommunal eller regional tilslutning.