Snefjellå kraftverk
- Registreringsnummer
- 5026
- Saksnummer
- 200704939
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 12.11.2009
- Tiltakshaver
- SNEFJELLÅKRAFT AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Rana
- Vassdragsområde
- 156.CB4
- Søkt produksjon
- 7,93 GWh
NVE gjev Snefjellåkraft A/S løyve til å bygge Snefjellå kraftverk i Rana kommune, Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 7,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 400 husstandar.
Snefjellåkraft A/S har søkt om løyve til å byggje Snefjellå kraftverk i elva Snøfjellåga i Rana. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 2,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gi ein årleg produksjon på ca. 7,6 GWh.
Det er ikkje fossar i elva, berre små stryk. Delar av elva renn i ei bekkekløft, men denne har dårleg kvalitet, grunna store vårflommar som vaskar vekk biologisk materiale. Inga raudlista artar knytt til elva er påvist. Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskap. NVE meiner likevel det er mogleg å avbøte desse ved slepp av tilstrekkelig minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.
NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Snefjellå kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar
seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
avdelingsingeniør Ingri Guren, 22 95 91 59