Bordalsbekken kraftverk

Registreringsnummer
5199
Saksnummer
200706204
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
03.02.2010
Tiltakshaver
SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Tysvær
Vassdragsområde
039.2
Søkt produksjon
5,90 GWh

NVE gjev Haugaland Kraft AS løyve til å bygge Bordalsbekken kraftverk i Tysvær kommune, Rogaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 5,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 260 husstandar.

Haugaland Kraft As har søkt om løyve til å bygge Bordalsbekken kraftverk i Bordalsbekken i Tysvær. Prosjektet inneber ei overføring av Sandvikbekken, som har sitt utspring frå Sandvikstemmen. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,8 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 5,3 GWh.

Vassdraget har store naturlege vassføringsvariasjonar. Det er ikkje registrert viktige naturtyper i tiltaksområdet, og den dominerande vegetasjonstypen er nedbørsmyr. Det er etter all sannsynlegheit ål i vassdraget som nyttar Sandvikstemmen som oppvekstområde og bekken opp fra sjøen som transportveg.

Utbygginga vil medføre nokre negative verknader for landskap og for livsgrunnlaget til ålen i vassdraget. NVE meiner likevel det er mogleg å avbøte desse ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.

NVE meiner fordelane i høve til allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Bordalsbekken kraftverk på fastsette vilkår.


25.08.2016 ble konsesjonen for Bordalsbekken kraftverk overført fra Haugaland Kraft AS til SKL Produksjon AS i f.m. restrukturering av SKL-konsernet.