Svartvasselva kraftverk

Registreringsnummer
6288
Saksnummer
201100848
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
26.02.2014
Tiltakshaver
Svartvasselva Kraftverk SUS
Fylke
Nordland
Kommune
Hamarøy
Vassdragsområde
170.51A
Søkt produksjon
14,40 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 18.09.2025

 

NVE gjev løyve til å bygge Svartvasselva kraftverk i Hamarøy kommune i Nordland.

For Svartvasselva kraftverk, som Tinfos AS har søkt om å byggje, er det gjeve løyve til å nytte eit fall på 120 meter frå inntaket ved Svartvatnet 134 moh. Kraftverket vil få ein installert effekt på 4,9 MW og vil produsere omlag 14,4 GWh årleg.


Utbygginga vil redusere vassføringa i ei bekkekløft av regional verdi, og det skal leggjast nedgraven røyrgate i Stájggo-Hábmer reinbeitedistrikt sitt kalvingsland. NVE meiner likevel at dei positive konsekvensane av ny fornybar energi veg opp for desse ulempene under føresetnad av avbøtande tiltak som at det ikkje skal byggjast i reinens kalvingsperiode (frå 1.4 til 31.5), og at anleggsvegen skal fjernast etter bygging. Slepp av mistevassføringa, som gjeld frå 1. april, vil òg vera positiv for biologisk mangfald og friluftsinteresser.


Det er fremja motsegn til Svartvasselva kraftverk frå Fylkesmannen i Nordland og Områdestyret i Nordland. Vedtaket er ikkje endeleg før motsegna er avklara i Olje- og energidepartementet.