Øyrane kraftverk
- Registreringsnummer
- 7024
- Saksnummer
- 201300231
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 26.06.2017
- Tiltakshaver
- Røyrvik Kraft SUS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Gloppen
- Vassdragsområde
- 085.H8
- Søkt produksjon
- 11,60 GWh
NVE gjev løyve til Langedalselva, Traudalen, Kvitefella 2, Sessaelva, Ommedal, Røyrvik og Haugaelva kraftverk, medan av Rauset, Skorgeelva, Øyrane og Solheim kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.
NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. Dei sju kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 50 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 2500 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 32,6 GWh/år.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på landskap har vore eit gjennomgåande viktig tema i NVE si vurdering av desse småkraftsakane i Gloppen. Andre sentrale problemstillingar gjeld verna vassdrag og bestandar av storaure: To av sakene som har fått konsesjon ligg ved verna vassdrag; Langedalselva og Traudalen kraftverk. To andre saker har omfatta bestander av storaure; Solheim og Haugaelva kraftverk. Opprusting- og utvidingssakene i Gloppeelva vil bli avgjort for seg.
For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.