Redusert Klovefoss kraftverk

Registreringsnummer
7958
Saksnummer
200905347
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
22.06.2017
Tiltakshaver
SKAGERAK KRAFT AS
Fylke
Telemark
Kommune
Nissedal
Vassdragsområde
019.F21Z
Søkt produksjon
5,00 GWh

NVE gjev Skagerak Kraft AS løyve til å byggje Klovefoss kraftverk i Nissedal kommune i Telemark fylke. Kraftverket vil produsere om lag 5 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 250 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Klovefoss kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser. Kraftverket er planlagt i Håtveitåi, med inntak 343 meter over havet og kraftstasjon 255 meter over havet. Vassvegen på om lag 665 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga. NVE har vurdert tiltaket å medføre akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap. NVE har fastsett ei minstevassføring på 50 liter i sekundet heile året. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna god landskapstilpassing og minstevassføring. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Klovefoss kraftverk.