Revisjon av konsesjonsvilkår - Hemsil

Registreringsnummer
5404
Saksnummer
200700391
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
Revidert konsesjon
Vedtaksdato
23.06.2021
Tiltakshaver
HAFSLUND KRAFT AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Hemsedal, Ål
Vassdragsområde
012.CDZ

Ved kgl. res. av 23.06.2021 er det gitt nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Hemsilvassdraget m.v. i Hemsedal, Gol og Ål kommunar i Buskerud fylke.

På bakgrunn av krav frå Hemsedal, Gol og Ål kommunar og Hemsedal fiskerforening er det gitt reviderte konsesjonsvilkå for Hemsilvassdraget m.v. Vilkåra omfatter óg Hemsil 2 kraftverk og Brekkefoss kraftverk.

Konsesjonsvilkåra er modernisert, og gir moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak.

Det er pålagt slipp av minstevassføring frå Eikrebekken (inntaksdammen) til Hemsil, og frå Flatsjø til Grøndøla. Det er óg pålagt at konsesjonæren skal betale sektoravgift til kulturminnevern, og til fond for villrein.

Det er ikkje pålagt slipp av minstevassføring til Lauvdøla eller Dyrja, eller magasinrestriksjonar i Gyrinos-Flævatn, då fordelane for fisk og vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg. Det er heller ikkje pålagt bygging av landbru over Gyrinos-Flævatn då mulige fordelar for villrein ikkje veg opp for inngrepa og kostnadane dette vil innebære.

(En del av sakens dokumenter er koblet til behandlingen av søknaden om Hemsil 3 kraftverk, og til søknaden om utvidelse av Brekkefoss, se egne saker.)

Revisjonssaken er relatert til 012.CDZ Hemsil med RevID: 105 i NVE Rapport 49/2013