Hovda kraftverk

Registreringsnummer
7116
Saksnummer
200806668
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
07.04.2017
Tiltakshaver
Blåfall AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Stor-Elvdal, Åmot
Vassdragsområde
002.K2A0
Søkt produksjon
10,90 GWh

Olje- og energidepartementet har omgjort NVEs vedtak. 

NVE gjev Blåfall AS løyve til å byggje Hovda kraftverk i Åmot og Stor-Elvdal kommunar i Hedmark. Kraftverket vil produsere om lag 10,9 GWh årleg. Dette svarar til straumbruken til rundt 550 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Hovda kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon og har avgrensa negative miljøeffektar, samt at brukarinteresser blir ivaretekne.

Kraftverket er planlagt i Hovda, med inntak ved kote 358 og avlaup ved kote 295. Vassvegen vil verte som nedgraven røyrgate.

Nasjonalt viktige bekkeløftar vert ikkje råka då kraftverket er tilpassa desse. Ei regionalt viktig bekkeløft vil likevel få redusert vassføring. NVE har difor fastsett ei høgare minstevassføring i vestsesongen for fuktkrevjande artar. NVE fastsett ei minstevassføring på 700 l/s i sommarsesongen og 200 l/s resten av året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet.

NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Hovda kraftverk.