Gjosa kraftverk
- Registreringsnummer
- 8742
- Saksnummer
- 202116469
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 14.03.2024
- Tiltakshaver
- GJOSA KRAFTVERK AS
- Fylke
- Agder
- Kommune
- Sirdal
- Vassdragsområde
- 026.E1A
- Søkt produksjon
- 7,65 GWh
NVE gjev løyve til å bygge vannkraftverk i Sirdal
Gjosa kraftverk AS har fått konsesjon til å bygge Gjosa kraftverk i Sirdal kommune i Agder. Vannkraftverket vil produsere 7,65 GWh, som svarer til straumbruken til om lag 380 husstandar. NVE har stilt vilkår til utbygginga av kraftverket, for å redusere dei negative konsekvensane for naturmangfaldet i området.
Gjosa kraftverk vil utnytte eit fall på 204 meter i elva Gjosa, i Sirdal kommune. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på om lag 7,65 GWh. I behandlinga av saka har det vore klart at ei utbygging vil påverke naturmangfaldet rundt elva. Etter NVEs vurdering er det mogleg å redusere dei negative konsekvensane gjennom avbøtande tiltak.
– Med gode avbøtande tiltak kan dei negative verknadane for naturmangfald reduserast tilstrekkeleg. Det gjer at Gjosa kraftverk vil bidra til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar, seier Carsten Stig Jensen, seksjonssjef for vannkraft i NVE.
Desse vilkåra er satt for utbygginga
NVE har stilt ei rekke krav både under byggeperioden og etter at kraftverket er satt i drift.
I byggeperioden er det stilt vilkår av omsyn til verdifult naturmangfald. Høyringspartane er positive til kraftutbygginga, gitt avbøtande vilkår knytt til desse naturverdiane. Derfor er det mellom anna satt vilkår om å avgrensa støyande arbeid på grunn av sensitive fugleartar, og krav om reirkasser for fossekall. Det er og stilt krav om at trær som vert felt i rørgatetraseen leggas igjen som død ved i den gamle furuskogen.
Utbyggingsstrekninga har allereie redusert vassføring, som følgje av eit anna kraftverk i vassdraget. Høyringspartane meinte det var viktig at det nyleg pålagte vasslippet lengre oppe i Gjosa blir brukt for å betre miljøforholda. NVE har difor stilt vilkår om slepp av minstevassføring som tek omsyn til det.
NVE meiner desse vilkåra vil redusere dei negative verknadene for naturmangfald til eit akseptabelt nivå, slik at fordelane ved prosjektet er større enn ulempene. Det er bakgrunnen for at NVE gir Gjosa Kraftverk AS løyve til å bygge Gjosa kraftverk.
For meir informasjon, sjå «Bakgrunn for vedtak» til høgre.