Mygland kraftverk
- Registreringsnummer
- 5191
- Saksnummer
- 200706205
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 25.05.2010
- Tiltakshaver
- MYGLAND KRAFT AS
- Fylke
- Agder
- Kommune
- Kvinesdal
- Vassdragsområde
- 025.AC42
- Søkt produksjon
- 8,00 GWh
NVE gjev Mygland kraftverk AS løyve til å bygge Mygland kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder fylke. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 7,85 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 395 husstandar.
Mygland kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Mygland kraftverk i Litleåna i Kvinesdal kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 2,7 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 7,85 GWh. Utbygginga vil utnytte ei fallhøgde på 63 m og endre naturleg vassføring på ei om lag 1300 m lang elvestrekning. Vatnet skal førast i tunnel dei fyrste 260 m, mens resten av vassvegen ca 740 m ned mot kraftverket skal førast i nedgravne røyr.
NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget vil skadeverknadane for landskap og miljø være akseptable.
NVE meiner at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene og gjev difor løyve til Mygland kraftverk på fastsette vilkår.