Søkkunda kraftverk
- Registreringsnummer
- 5409
- Saksnummer
- 200806361
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 07.12.2012
- Tiltakshaver
- KIÆR MYKLEBY Anders Kiær
- Fylke
- Innlandet
- Kommune
- Stor-Elvdal
- Vassdragsområde
- 002.K6A32
- Søkt produksjon
- 25,00 GWh
Løyve til to småkraftverk i Stor-Elvdal kommune
NVE gjev løyve til å byggje Styggberget kraftverk og Kolåsmyrfallet kraftverk i elva Søkkunda i Stor-Elvdal kommune i Hedmark.
Styggberget kraftverk er planlagt med ein installert effekt på opptil 6,1 MW. Kolåsmyrfallet kraftverk er planlagt rett nedstrøms Styggberget kraftverk, og vil få ein installert effekt på 4,6 MW. Med dei fastsette vilkåra vil kraftverka samla gje ein årleg produksjon på omlag 28 GWh, noe som svarar til den årlege straumbruken til om lag 1250 husstandar.
Søkkundavassdraget er regulert til kraftproduksjonsformål, og det ligg i dag to kraftverk nedstrøms omsøkte kraftverk. Området har gjennom generasjonar vært påverka av menneskelig aktivitet. Store hogstflater og eit betydelig skogsbilveinett viser utstrakt bruk av skog til tømmerhogst. I tillegg er utmarka brukt til jakt og fiske, og området brukast noe til husdyrbeite av ku og sau. Myklebysetra med tilhørande seter- og kulturlandskap ligg noe oppstrøms planlagt inntak for Styggberget kraftverk.
I øvre del av utbyggingsstrekninga renn Søkkunda i relativt jamne stryk, medan midtre og nedre del av utbyggingsstrekninga har bratte skråningar ned mot elva og stadig meir karakter av ei bekkekløft. På strekninga som omfattast av Kolåsmyrfallet kraftverk ligg fossen Kolåsmyrfallet. Langs elva veks det granskog med høgstaudar, enkelte stader med gammalskogpreg. Topografien og vegetasjonen i området gjør at elva ikkje er særleg markert i terrenget.
NVE meiner at ein utbygging av Styggberget og Kolåsmyrfallet kraftverk vil gi ei god utnytting av vassressursane i eit allereie regulert vassdrag. Omsynet til biologisk mangfald, landskap og kulturlandskap, friluftsliv og brukarinteresser er vektlagt, og NVE meiner at ulempene kan avbøtast ved at overføringa av Hortabekken blir tatt ut av planane for Kolåsmyrfallet kraftverk, og at det ikkje vert gjeve løyve til 6 m regulering i inntaksmagasinet til Styggberget kraftverk. NVE meiner at landskapsverdiane og vassmiljøet knytt til vassdraget kan ivaretakast på ein god måte med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring heile året. Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser ved å bygge kraftverka og gjev difor løyve til Styggberget kraftverk og Kolåsmyrfallet kraftverk.