Breilobekken kraftverk
- Registreringsnummer
- 5434
- Saksnummer
- 200801551
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 12.12.2012
- Tiltakshaver
- SIRDAL KRAFT AS
- Fylke
- Agder
- Kommune
- Sirdal
- Vassdragsområde
- 026.F213
- Søkt produksjon
- 4,00 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 12.12.2022
NVE gjev Skeie Småkraft løyve til å bygge Breilobekken kraftverk i Sirdal kommune i Vest-Agder. Vasskraftverket vil få ein årelg produksjon på om lag 4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 200 husstandar.
Breilobekken kraftverk vil etter dei framlagte planane nytte ei fallhøgd på 233 m, med inntak på kote 483 og kraftstasjon på kote 250. Samstundes vil også vasspeglet i tjernet Paulan hevast permanent med 2 m, frå kote 483 til kote 485. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og ned til ca. kote 460. Vidare mot kraftstasjonen skal vassrøyret ligge nedgrave. Eksisterande skogsveg vil forlengjas med ca. 400 m opp til påhogg for tunnel og verte permanent.
Hovudproblemstillinga i denne saka har vore konsekvensar for landskap, mellom anna grunna ei vurdering i Sirdal kommune si kommunedelplan for småkraftverk. NVE og høyringspartane meiner likevel dei endringane som er gjort, mellom anna ei utbyggingsløysing der øvre del av vassvegen går i tunnel, vil gjere tiltaket akseptabelt i høve til landskap.
NVE vurderer det slik at med ei utbygging der øvre del av vassvegen går i tunnel og med ei god planlegging i høve til utføring av anleggsarbeidet, vil tiltaket ikkje medføre vesentlege ulemper for ålmenta. Samstundes vil tiltaket gje om lag 4 GWh/år i fornybar energiproduksjon. Vi har på bakgrunn av dette gjeve Skeie Småkraft løyve til bygging av Breklobekken kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Kontaktpersonar: Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90198216 Overingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66