Kverninga kraftverk

Registreringsnummer
5535
Saksnummer
200804411
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.12.2011
Fylke
Innlandet
Kommune
Rendalen
Vassdragsområde
002.JE7Z
Søkt produksjon
6,20 GWh

NVE gjev grunneigarane v/Knut Erlend Hagen løyve til å byggje Kverninga kraftverk, samt å overføre vatn frå Sandbekken til Kverninga, i Rendalen kommune i Hedmark.

Kverninga kraftverk vil få ein årleg produksjon på omlag 6,2 GWh og med det forsyne 300 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 2,5 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Kverninga og Sandbekken på 306 meter og ei samla elvestrekning på omlag 3,8 kilometer i dei to elvene vil få redusert vassføring.

Frå inntaket i Kverninga skal vatnet førast i nedgrave røyr til kraftstasjonen. Overføringa frå Sandbekken skal òg skje i nedgrave røyr, som vert kopla til vassvegen for Kverninga kraftverk. Det vert behov for omlag 50 meter ny veg til inntaket i Kverninga, samt 120 meter ny veg som tilkomst til kraftstasjonen. Til inntaket i Sandbekken er det gjeve løyve til mellombels anleggsveg.

Utbygginga vil gje nokre negative verknader for landskapet i området, då grunnen er skrinn og vegetasjonen vil bruke lang tid på å reetablere seg etter inngrepa. Området er ikkje eit utprega friluftsområde og elvane er ikkje viktige landskapselement i det store landskapsrommet. NVE meiner difor at inngrepa er akseptable. Ei bekkekløft med verdi B og dei raudlista artane trådragg og hodeskoddelav vert direkte påverka av tiltaket. NVE har vurdert at sidan desse artane ikkje er direkte avhengige av rennande vatn og kan vekse under varierande miljøforhold, vil avbøtande tiltak kunne vege opp noko for negative verknader på desse artane.

NVE har sett vilkår om at det skal sleppast ei minstevassføring lik den sesongmessige minstevassføringa. 150 liter i sekundet og 50 liter i sekundet for sommar og vinter høvesvis. Dette av omsyn til vassdragstilknytte artar i og langs elva, samt opplevinga av elva som landskapselement på nært hald. Vidare skal det stå att eit belte på 20-40 meter granskog langs den viktige bekkekløftlokaliteten. Dette vil saman med minstevassføringa vere med på å oppretthalde det fuktige miljøet i bekkekløfta.

I sum vurderer NVE at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Kverninga kraftverk på fastsette vilkår.