Graffer kraftverk

Registreringsnummer
5746
Saksnummer
200901616,201709740
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
14.12.2016
Tiltakshaver
GRAFFER KRAFT AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Lom
Vassdragsområde
002.DHB4Z
Søkt produksjon
8,70 GWh

NVE gjev løyve til å bygge Graffer kraftverk i Lom kommune i Oppland. Graffer kraftverk vil produsere om lag 8,7 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 435 husstandar.

Nordkraft Prosjekt AS står bak søknaden om å bygge kraftverket. NVE legg vekt på at ei utbygging av Graffer kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

Graffer kraftverk vil nytte eit fall på 210 meter i Vulu mellom inntaket på 720 moh. og kraftstasjon på 510 moh. Vassvegen på om lag 2100 meter er planlagd nedgraven på heile strekninga.

NVE meiner tiltaket ikkje vil medføre vesentlege negative verknader for biologisk mangfald, landskap eller brukarinteresser. Inngrepa i samband med ei utbygging vil ligge relativt skjult i terrenget og kraftstasjonen er plassert på oppsida av fleire uttak til vatningsvatn. NVE har fastsett ei minstevassføring på 100 l/s om sommaren og 20 l/s resten av året.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Graffer kraftverk.

Konsesjonen for Graffer kraftverk ble 19.12.2017 overført til Clemens Kraft AS.