Øyrafossen kraftverk
- Registreringsnummer
- 5929
- Saksnummer
- 201006380
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Mini-/mikrokraftverk
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 21.12.2016
- Tiltakshaver
- Øyrafossen kraft SUS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Fjaler
- Vassdragsområde
- 082.D0
- Søkt produksjon
- 5,49 GWh
NVE gjev ikkje løyve til Øyrafossen og Yndestadhølen kraftverk, medan Tjøredalselva og Lønnebotn kraftverk får løyve. Alle dei planlagde kraftverka ligg i det verna Guddalsvassdraget i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.
Dei to kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 7,1 GWh straum i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 350 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 9,1 GWh/år.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta. Alle prosjekta ligg i Guddalsvassdraget, som ble verna i verneplan IV.
Verknad på verneverdiane har vore det viktigaste tema i NVEs vurdering. Verneverdiane er mellom anna knytt til vassdraget si verdi som type- og referansevassdrag, biologisk mangfald, kulturminner, friluft- og landbruksinteresser. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som ikkje er i konflikt med verneverdiane, samstundes som dei har liten konflikt med andre ålmenne interesser. NVE har lagt vekt på at kraftverka bidrar med produksjon av fornybar energi.
For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Det er etter NVE si meining ikkje mogeleg å endra prosjekta som har fått avslag på ein måte som gjer at verneverdiane ikkje vert svekka.
Kontaktperson: Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216