Reinelv kraftverk
- Registreringsnummer
- 6026
- Saksnummer
- 201001300
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 24.03.2017
- Tiltakshaver
- LOCUS HYDRO PROSJEKT AS
- Fylke
- Troms
- Kommune
- Lyngen
- Vassdragsområde
- 203.83
- Søkt produksjon
- 4,70 GWh
Løyve til Reinelv kraftverk
NVE gjev Norsk vannkraft AS løyve til å byggje Reinelv kraftverk i Lyngen kommune i Troms. Utbygginga vil kunne ha verknad på reindrifta i Rendalen reinbeitedistrikt, friluftsinteresser og biologisk mangfald, men NVE meiner avbøtande tiltak vil redusere verknadene slik at desse ikkje blir uakseptable for verken distriktet eller andre ålmenne interesser. Norsk vannkraft AS har fått løyve til Reinelv kraftverk i Reinelva i Lyngen kommune. Kraftverket vil nytta eit fall på 125 m og vil ha forventa produksjon på om lag 4,7 GWh. Dette svarar til straumbruken til 235 husstandar. Utbygging vil kunne ha verknader på reindrifta si flyttlei, friluftsområde av særs høg verdi og biologiske verdiar. Verknadene er hovudsakelig knyta til anleggstida, og ein føresetnad for løyvet er difor at utbygging skjer på ein slik måte at reindriftsinteressene og andre ålmenne interesser ikkje blir skadelidande. NVE meiner at ulempene kan avgrensast og vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Reinelv kraftverk på nærare fastsette vilkår.