Rødøla kraftverk

Registreringsnummer
6155
Saksnummer
201004191
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
TAFJORD KRAFTPRODUKSJON AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Fjord
Vassdragsområde
099.B2B1A
Søkt produksjon
5,11 GWh

NVE gjev avslag til Dyrdøla, Fossheim og Myklebust kraftverk, medan Rødøla kraftverk får løyve. Alle kraftverka ligg i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Kraftverket som har fått løyve vil produsere om lag 5 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 250 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 18,1 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på landskap har vore eit gjennomgåande viktig tema i NVE si vurdering av desse småkraftsakane i Norddal. Alle sakene som fekk avslag ligg i verna vassdrag; Dyrdøla, Fossheim (Norddalsvassdraget) og Myklebust kraftverk (Valldøla). NVE meiner desse kraftverka strir imot vernegrunnlaget i vassdraga. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpasningar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.

NVE meiner Rødøla kraftverk gjev små negative konsekvensar for ålmenne interesser, samstundes som det vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til prosjektet som har fått løyve.