Kvernfossen kraftverk

Registreringsnummer
6195
Saksnummer
201005128
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
07.07.2016
Tiltakshaver
Kvernfossen Kraft SUS
Fylke
Vestland
Kommune
Hyllestad
Vassdragsområde
080.4D
Søkt produksjon
9,14 GWh

NVE gjev Kvernfossen Kraft SUS løyve til å bygge Kvernfossen kraftverk i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil produsere om lag 9 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 450 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Kvernfossen kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

Kvernfossen kraftverk vil nytte eit fall på 26,5 m i Lølandselva mellom inntaket på 119,5 moh. og kraftstasjon på 93 moh. Vassvegen på om lag 600 m er planlagt nedgraven på heile strekninga mellom nordsida av Lølandselva og fylkesveg 63.

Etter NVEs vurdering vil tiltaket ha små ulemper for biologisk mangfald gitt avbøtande tiltak. Tiltaket vil i parti kome svært nært fylkesvegen, men NVE meiner dette er mogleg å gjennomføre med god detaljplanlegging. NVE registrerar at ingen høyringsparter går imot kraftverksplanane.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Kvernfossen kraftverk.