Storåna kraftverk

Registreringsnummer
6746
Saksnummer
201204525
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
24.11.2017
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Hjelmeland
Vassdragsområde
033.C2
Søkt produksjon
39,90 GWh

NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland.

Clemens Kraft AS har søkt om løyve til å byggje Storåna, Lyngsåna og Sandvassåna kraftverk i Hjelmeland kommune, som ville gitt ein samla årleg produksjon på om lag 82 GWh.

Søknadane er handsama samla. Etter ei heilskapleg vurdering av kraftverka meiner NVE at dei positive verknadane for samfunnet i form av ny produksjon er mindre enn ulempene. Kraftverka er planlagde i eit regionalt viktig og mykje nytta friluftsområde. NVE legg vekt på negative verknader for landskap, friluftsliv og urørhet i vurderinga av Sandvassåna kraftverk. Storåna kraftverk vil etter vår vurdering gje store negative konsekvensar for friluftslivet i Viglesdalen og anadrom fisk i Storåna. For Lyngsåna kraftverk har vi i hovudsak lagt vekt på ulemper for landskap og opplevingsverdien av Rykanfossen.

NVE har merka seg høringspartanes sterke motstand mot prosjekta i småkraftpakke Hjelmeland II. Lokale og regionale myndigheiter, saman med ei rekke friluftsorganisasjonar og private brukarar av området, er alle i mot utbyggingane.

Les meir om kvart enkelt vedtak:
Les meir om Storåna kraftverk
Les meir om Lyngsåna kraftverk
Les meir om Sandvassåna kraftverk

Kontaktpersonar: Seksjonssjef Øystein Grundt tlf: 22 95 93 89 / 901 98 216
Sakshandsamar Erlend Støle Hansen, tlf: 22 95 98 26
Sakshandsamar Helén N Liebig-Andersen, tlf: 22 95 98 95