Nedre Molla kraftverk
- Registreringsnummer
- 7322
- Saksnummer
- 201307845,201400886
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 09.04.2018
- Tiltakshaver
- CADRE ELVEKRAFT AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Sauda
- Vassdragsområde
- 037.111
- Søkt produksjon
- 4,40 GWh
Cadre Elvekraft AS søkjer om å få forlenga byggjefristen for Nedre Molla kraftverk i Sauda kommune, til 09.04.2028.
Bygginga av Nedre Molla kraftverk fekk konsesjon den 09.04.2018, og det er no søkt om løyve til å forlenga fristen med fem nye år. NVE skal vurdera om det er kome inn nye moment i saka som tilseier at fristen ikkje bør bli forlengd.
Nedre Molla kraftverk er planlagt i Mollaelva som ligg om lag 8 km sør for tettstaden Sauda, på austsida av Saudafjorden. Kraftverket vil i gjennomsnitt produsere 4,6 GWh i eit middels vått år, og vil få ein installert effekt på 1,8 MW. Mollaelva vil verta overført til Mollabekken med eit 200 meter langt røyr. Inntaket er planlagt på kote 145 i Mollabekken, og det er planlagt for ei 500 meter lang nedgrave røyrgate. Det er planlagt ein mellombels anleggsveg langs røyrgata, og elles vert eksisterande vegar utbetra og nytta i arbeidet. Det er lagt til rette for å byggja om lag 100 meter ny veg fram til kraftstasjonstomta. Kraftverket vil verta plassert ved fjorden på kote 2. Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på 38 l/s i perioden 1.5.-30.9. og 23 l/s resten av året. Minstevassføringa vil verta fordelt mellom Mollaelva, som vil få mesteparten, og Mollabekken, der det vil sleppast 7 l/s heile året.