Tveiteråni kraftverk

Registreringsnummer
7323
Saksnummer
201400001
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
08.12.2016
Tiltakshaver
CADRE ELVEKRAFT AS
Fylke
Agder
Kommune
Bykle
Vassdragsområde
021.H31
Søkt produksjon
4,11 GWh

Løyve til Tveiteråni kraftverk i Bykle

NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Tveiteråni kraftverk i Bykle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil produsere om lag 4,1 GWh i året, noko som svarar til straumbruken til 200 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Tveiteråni kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

Tveiteråni kraftverk vil nytte eit fall på 170,5 m i Tveiteråni mellom inntaket på 801 moh. og kraftstasjon på 634,5 moh. Vassvegen på om lag 1700 m er planlagt nedgraven på heile strekninga.

NVE meiner tiltaket ikkje vil medføre vesentlege negative verknader for biologisk mangfald, landskap og brukarinteresser. Inngrepa i forbindelse med ei utbygging vil ligge relativt skjult i terrenget og i allereie påverka områder. NVE har og fastsett ei minstevassføring på 30 l/s heile året.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Tveiteråni kraftverk.