Uttak av vann fra Skjørtjenn og Hullvann til settefiskproduksjon
- Registreringsnummer
- 7975
- Saksnummer
- 201701785
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- HELLE BRUK AS
- Fylke
- Telemark
- Kommune
- Kragerø, Bamble
- Vassdragsområde
- 017.22B
NVE gir løyve til regulering og uttak av vatn frå Hullvann og Skjørtjenn i Kragerø og Bamble kommuner.
Regulering og uttak av vatn skal nyttast i eit nytt settefiskanlegg og i eksisterande kraftverk. Det planlagde vassutaket og regulering av Hullvann vil føre til produksjon av 5 millionar smolt, og sysselsetting i kommunen. Drift av kraftverket vil i tillegg gi ein årleg kraftproduksjon på om lag 0,5 GWh. NVE vurderer ut frå høyringsuttalane at dei største ulempene er knytt til regulering av Hullvann og verknader for friluftsliv og bruk av området.
Hullvannvassdraget er et verna vassdrag mellom anna på bakgrunn av biologi og friluftsliv. BNVE vurderer at ei mindre regulering av Hullvann, avgrensa til 0,7 m om sommaren og 1 m om vinteren, vil redusere konflikten med brukarinteressene. NVE har vurdert magasinkapasiteten til å vere tilstrekkeleg til planlagt uttak til settefiksanlegget. Uttak til settefisk kan gå noko utover produksjonen av straum i kraftverket i tørrår. Tiltakshavar har ansvar for å planlegge produksjonen av smolt og fordelinga mellom denne og kraftproduksjon slik at vassressursen blir forvalta på ein berekraftig måte. Det er sett krav om minstevassføring frå Skjørtjenn og tiltak for at ål skal kunne nytte vassdraget. NVE ser positivt på at endringar i dam Skjørtjenn fører til at Lona, som i dag er utan vassføring, vil reetablerast.
Med føresetnad om redusert regulering og slepp av minstevassføring og andre avbøtande tiltak for ål, meiner NVE at negative verknader for allmenne interesser er akseptable sett opp mot fordelane.