Dam Sennerud - nedlegging

Registreringsnummer
8072
Saksnummer
201705725
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Nedlegging vassdragsanlegg
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
24.04.2019
Fylke
Akershus
Kommune
Lillestrøm
Vassdragsområde
002.D1

NVE gjev Nedre Romerike Vannverk AS løyve til å legge ned ti damanlegg som demmer opp magasina Holnippeldammen, Lunderåsdammen, Lundertjernet, Bæreggtjernet, Tientjern, Senneruddammen, Abbortjern, Østbyputten, Åmodtdammen og Ramstadsjøen.

Sakene utgjer «dampakke Romerike», og har vorte handsama samla av NVE. Nedlegging av vassdragsanlegg vert handsama etter §§ 8 og 41 i vassressurslova. I § 41 vert det sagt at løyve til nedlegging skal gjevast så framt ikkje særlege grunnar talar imot. Særlege grunnar er nemnt i forarbeida til vassressurslova og er freding etter kulturminnelova og vern etter naturmangfaldlova. NVE har ikkje funne særlege grunnar for å nekte nedlegging av dei ti damanlegga, og gjev dermed løyve. NVE har mellom anna sett vilkår om at magasina skal tappast ned tilstrekkeleg langsamt, maksimal bredde på vegar og krav til opprydding. I utgangspunktet planla Nedre Romerike Vannverk AS å deponere massar frå damanlegga i terrenget eller i magasinet ved aktuell dam/innsjø. NVE har sett vilkår om at eventuelle deponi må avklarast med Fylkesmannen i Oslo og Viken, etter forureiningslova og, for dei damanlegga som ligg i marka, markalova.