Songesand kraftverk

Registreringsnummer
7357
Saksnummer
201401030
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
24.11.2017
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Sandnes
Vassdragsområde
031.6Z
Søkt produksjon
25,10 GWh

NVE gjev løyve til Songesand kraftverk og Helmikstølen transformatorstasjon. NVE rår også Olje- og energidepartementet til å gje løyve til å overføre to vatn til Lyngsvatnet og løyve til å bygge Nordåna kraftverk og Dalaåna kraftverk. Alle prosjekta ligg i Forsand kommune på nordsida av Lysefjorden.

NVE legg vekt på at prosjekta til saman vil gje om lag 80 GWh ny fornybar kraft, til dels regulert. Denne produksjonen svarar til straumforbruket til omtrent 4000 norske husstandar.

Småkraft AS har søkt om løyve til bygging av Øvre Dalaåna, Dalaåna og Nordåna kraftverk. Lyse Produksjon AS har søkt om løyve til å regulere og overføre tre vatn til Lyngsvatnet. Lyse Elnett AS har søkt om løyve til bygging av Helmikstølen transformatorstasjon.

NVE har gjort ei samla behandling av dei omsøkte prosjekta. Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til landskap, friluftsliv, reiseliv og naturmiljø.

Tverråna vert overført til Dalaåna i tunnel, og Nordåna kraftverk vil utnytte eit fall på 102 meter i Tverråna. NVE meiner at ei planlagt overføring av Storlitjørna til Kvernavatnet bør utgå, då dette vil redusere inngrepa i fjellet og gje ei auka restvassføring i Dalaåna og oppretthalde verdiane i ei bekkekløft med regional verdi. NVE har anbefalt minstevassføring heile året. Med desse anbefalingane vil kraftverket gje ein årleg produksjon på om lag 5 GWh. I tillegg vil overføringa gje eit vesentleg bidrag til produksjonen i Dalaåna kraftverk.

Dalaåna kraftverk skal utnytte eit fall på 346 meter mellom inntak i Dalaåna nedanfor planlagt Nordåna kraftverk og kraftstasjonsplassering nede ved Lysefjorden. Det har vore ein del motstand mot prosjektet, men denne har i stor grad vore knytt til ein omsøkt veg ned til stasjonen. Desse vegplanane har Småkraft AS lagt til sides. NVE har lagt vekt på at kraftverket samla vil gje ein produksjon på 36,4 GWh, med nokså små verknader for omgjevnadene.

Songesand kraftverk vil utnytte eit fall i Skurvedalsåna frå eit inntak ved Stølatjørna, og med kraftstasjonsutløp til Dalaåna i bygda Songesand. Vassvegen vil i stor grad vere i tunnel, slik at terrenginngrepa er moderate. Dei største verdiane i Skurvedalen ligg etter NVEs meining i nedre del av dalen, og vi har lagt stor vekt på at med ei god minstevassføring og eit stort restfelt så vert vassføringa i dette området mindre påverka. Produksjonen i kraftverket vil med dei fastsette vilkåra bli om lag 25 GWh.

NVE anbefaler at Hefteholstjørna og Grønakråtjørna skal bli regulert og ført over til det eksisterande reguleringsmagasinet Lyngsvatnet via to nye tunnelar. Dette vil gi ei auka i regulerbar kraft på 15 GWh i Lysebotn kraftverk. Overføringane vil gi noko mindre tilsig til Dalaåna kraftverk, men likevel ikkje så mykje at dette kraftverket ikkje kan byggjast. Samstundes legg NVE vekt på at overføringane gjer ein betre ressursutnytting, slik vi ser det. NVE har ikkje anbefalt å gje løyve til overføring av Longatjørna. Det vil da bli ei auka vassføring i Daladalen ned til inntaket til Dalaåna kraftverk, og inngrepa i fjellet vert noko mindre. Også her er det einskilde naturverdiar som då også vert ivareteke.

Øvre Dalaåna kraftverk skulle utnytte fallet i Dalaåna mellom kote 530 og kote 390. I og med at NVE anbefalar at Hefteholstjørna og Grønakråtjørna vert overført til Lyngsvatnet fell store deler av tilsiget vekk. NVE meiner då at ein produksjon på om lag 4,5 GWh på resttilsiget vert lite, og det vert også eit særs dyrt prosjekt. Vi anbefalar difor at departementet avslår dette kraftverket.

Helmikstølen transformatorstasjon skal tilknytte den planlagde nye vasskraftproduksjon i Daladalen og Skurvedalen. Å tilknytte de nye kraftverka til ein ny transformatorstasjon på Helmikstølen er etter NVEs vurdering den mest rasjonelle måten å føre strømproduksjonen ut på nettet.

NVE finn at med bruk av tunnelboring, slepp av minstevassføring, utelating av inngrep i høgfjell og ingen veg ned til Dalaåna kraftverk vil dei negative konsekvensane verte redusert tilstrekkeleg til at tiltaka vert akseptable i høve til allmenne og private interesser. Samstundes vil det verte eit bidrag med ny fornybar energiproduksjon som kan realiserast innanfor sertifikatmarkedet og bidra til å oppfylle Noregs plikter etter EUs fornybardirektiv.

 Les meir om prosjekta

Nordåna og Dalaåna kraftverk

Øvre Dalaåna kraftverk

Overføring Daladalen – Lyngsvatnet

Songesand kraftverk

Helmikstølen transformatorstasjon

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Rådgjevar Kristian Marcussen, tlf. 22 95 91 86 eller 416 14 040