Silåga kraftverk

Registreringsnummer
7370
Saksnummer
201401099
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
23.06.2020
Fylke
Nordland
Kommune
Rana
Vassdragsområde
156.DB0
Søkt produksjon
6,00 GWh

 

NVE gjev Heinbergåga Kraft AS løyve til å bygge Silåga kraftverk i Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere om lag 6 GWh årleg. Det svarer til straumbruken til om lag 300 husstandar. OED omgjorde NVEs vedtak til avslag i klageavgjørelse av 24.06.2020.

 

 

Silåga kraftverk er planlagd i Silåga som er ei sideelv til Grønnfjellåga i Ranavassdraget. NVE gjev konsesjon til bygging av Silåga kraftverk etter alternativ 1. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfold og reindrift.

 

NVE meiner at slipp av minstevassføring frå inntaket i stor grad vil ta vare på den regionalt viktige naturtypen bekkekløft og bergvegg og livsmiljøet i og langs elva og dempe ulempa for landskap og friluftsliv. Anleggsperioden skal avtalast med reinbeitedistriktet og grunneigar som har dyr på beite i prosjektområdet.

 

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Silåga kraftverk etter alternativ 1 på nærare fastsette vilkår.

 

Les meir om Silåga kraftverk.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24/913 97 771