Overføring av vann fra Reppaelva til Tveitelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 7595
- Saksnummer
- 201502347
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Mini-/mikrokraftverk
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 29.03.2017
- Tiltakshaver
- TVEITELVA KRAFTVERK AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kvinnherad
- Vassdragsområde
- 046.421A
- Søkt produksjon
- 3,00 GWh
NVE har i vedtak av 29.3.2017 ikkje gjeve Tveitelva kraftverk AS løyve til å overføre vatn frå Reppaelva til Tveitelva i Kvinnherad kommune i Hordaland. Redusert vassføring i Reppaelva vil gje negative konsekvensar for landskap og naturmiljø, meiner NVE.
Reppaelva ligg i Nordepollen innerst i Maurangerfjorden i Kvinnherad kommune, aust for Tveitelva kraftverk. Tveitelva kraftverk AS ønskjer å etablere eit inntak på kote 370 i Reppaelva og leggje ei nedgrave røyrgate herifrå til eksisterande inntak på kote 240 i Tveitelva. Røyrgata vil ha ei lengde på om lag 840 meter og det vil lagast ein permanent enkel skogsveg med grasdekke i traseen. Overføringa vil auke produksjonen i Tveitelva kraftverk med 3 GWh. Tiltakshavar planlegg slepp av minstevassføring på 34 l/s i perioden 1.5.-30.9. og 6 l/s i perioden 1.10.-30.4., noko som tilsvarar dei oppgitte 5-persentilane.
NVE meiner overføringa vil redusere verdien av Reppaelva som eit viktig landskapselement lokalt i Nordrepollen og i det større landskapsrommet i indre del av Maurangerfjorden. Vi legg særleg vekt på negative konsekvensar for kulturlandskapet ved Flatebø. I tillegg vert fosseberg, sjøaure og fuktkrevjande lav- og mosearter i og langs elva påverka negativt. Etter vår vurdering kan verknadane for landskap og naturmiljø vanskeleg avbøtast, særleg når vi ser tiltaket i samanheng med mange andre vasskraftreguleringar i området.