Overføringer Blådalsvassdraget (overf Grøningsbekken2, bekk Urdabotn til Blåfalli III)

Registreringsnummer
7908
Saksnummer
201606273,202416033
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.09.2019
Fylke
Vestland
Kommune
Kvinnherad
Vassdragsområde
042.C2
Søkt produksjon
4,80 GWh

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sunnhordaland Kraftlag AS (SKL) løyve til å overføre Grøningsbekken 2 og Bekk Urdabotn til vasstunellen til Blåfalli III kraftverk. Tiltaksområdet er avgrensa til to mindre sidefelt i Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland. Dei planlagde overføringane vil gje om lag 4,8 GWh/år regulerbar kraft til Blåfalli III kraftverk.

Begge bekkane renn naturleg ut i Blåelva nedstraums Blådalsvatnet. Samla nedbørfelt er berekna til 1,5 km2 ved dei planlagde  inntaka. Middelvassføringa for Grøningsbekken 2 er berekna til 113 l/s og 104 l/s for Bekk Urdabotn. Maksimal kapasitet på overføringane er planlagt til høvesvis 1,7 m3/s og 1,6 m3/s.

Området er ein innfallsport til Folgefonna, og det er registrert interesser knyta til landskap, friluftsliv, turisme og biologisk mangfald, og som kan bli noko påverka av ei eventuell utbygging. NVE legg elles vekt på at området er prega av tidlegare inngrep knytt til kraftutbygging.

I totalvurderinga legg NVE vekt på at tiltaka vil gje auka regulerbar kraft i eit allereie utbygd vassdrag. NVE meiner at fordelane med tiltaket er større enn ulempene for ålmenne interesser, med dei krava vi har anbefalt om slepp av minstevassføring og istandsetjing av inntaksområda.