Middagstinden 1 ligg ovanfor vassmagasinet Berillvatnet i Innfjorddalen, 17 km sørvest for Åndalsnes.
![Middagstinden 1. Foto: M. Böhme, NGU](/Media/5230/middagstinden1_bildea.png)
Middagstinden 1 er eit stort komplekst ustabilt fjellparti delt opp i to scenario, A og B, med volum på høvesvis 59 og 46 millionar m3. Det er usannsynleg at begge scenario vil rase samstundes.
Målingar (dGPS,2008–2013), viser bevegelsar på 0,4 – 0,8 mm/år for scenario A. For scenario B indikerer satellittbaserte radarmålingar (InSAR) om lag same hastigheit som for senario A.
Skred frå begge scenarioa kan nå eit seter- og hytteområde, og dessutan Berillvatnet. Dette kan gi ei flodbølge, men områder påverka av denne er også i utløpsområdet til skredet. Skredmassane vil også kunne danne ein dam, men sidan denne blir brei og vassføringa er låg er sannsynet for dambrot lågt.
Tiltak/oppfølging
Begge scenarioa har årleg nominelt sannsyn mellom 1/1000 og 1/5000 og vil difor bli følgt opp med periodiske målingar. Satellittreflektorar vart satt opp i 2019, og bakkebaserte radarmålingar (InSAR) har føregått sidan 2016.
![Ustabile fjellpartier. Kart: NVE Atlas](/Media/5064/oversiktskart_middagstinden.png)
![Faresoner Middagstinden. Kart: NVE](/Media/5060/middagstinden-kart-faresoner.png)
![Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU](/Media/5094/risikomatrise_middagstinden1-a.png)
![Kilde: Nasjonal database for ustabile fjellparti, NGU](/Media/5095/risikomatrise_middagstinden1-b.png)
![Middagstinden 1. Foto: M. Böhme, NGU](/Media/5231/middagstinden1_bildec.png)