Middagstinden 2 er et ustabilt fjellparti ovanfor vassmagasinet Berillvatnet i Innfjorddalen, 17 km sørvest for Åndalsnes.
Fjellpartiet har ei tydeleg baksprekk, og det er avgrensa i aust av ei innsynking, medan avgrensinga i vest er uklar. Volum er om lag 1,5 millionar m3.
Periodiske målingar med dGPS mellom 2009 og 2015, viser bevegelsar oppimot 2,2 cm/år. Dette er stadfesta av satellittmålingar.
Eit skred kan nå Berillvatnet og påverke nokre få hus og hytter.
Tiltak/oppfølging
Årleg nominelt sannsyn for eit skred er mellom 1/1000 og 1/5000, og objektet blir følgt opp med periodiske målingar. Satellittreflektorar vart satt opp i 2019.